• Name: EIN SOMMARSØNDAG PÅ KILSTISÆTRA PÅ 1950-TALET
  • Caption: Å feire åremålsdag midt i veka, midt i slåtten, gjorde ikkje folk flest før i tida. Den som hadde slik dag i denne perioden, måtte fint vente med feiringa til helga. Slik og med Anna Skarstein. Men så feira ho skikkeleg, truleg 70 årsdagen sin, saman med så godt som heile kvinneforeninga i Rønneberg krins - ein fin sommarsøndag på Kilstisætra. Nummererte – frå venstre: 1 Ane Korsbrekke, mor til Peder Korsbrekke – frå Sunnylven – Pe-Ane 2 Olga Auflem frå Olden, gift med Hans Smogeli – Kreke-Olga 3 Marie Bjørnsen frå Stavanger, – gift med Martinus Rønneberg – Bertel-Marie 4 Susane Marta Hesthaug, gift med Anders Skarstein frå Olden 5 Laura Rønneberg, gift med Elias Øien – Kilsti-Laura 6 Oline Årset, gift med Ole Martinus Rønneberg – Skule-Oline 7 Anne Pernille Rønneberg, gift med Gunder Veiberg – Viels-Pernille 8 Fremst sit hovudpersonen, Anna Skarstein, ugift (søstra til Anders Skarstein) med famnen full av blomar 9 Ragna Rønneberg, ugift – Pe-Ragna (Ragna og Laura var søstre) 10 Eli Auflem frå Olden, gift med Andreas Kilsti – Kilsti-Eli (Eli og Olga var søstre) 11 Hanna Korsnes, gift med Ole Martinus Hesthaug – Hau-Hanna Dersom nokon har supplerande eller korrigerande kommentarar, kontakt Øivind Eide !